Borgund kommune (Sogn og Fjordane)
Borgund kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1864 då Lærdal kommune vart delt i to. Kommunen omfatta Lærdalen ovanfor Galdane og fjelltraktene på båe sider og hadde eit areal på 635 kvadratkilometer. I 1964 vart Borgund innlemma i Lærdal att.
Litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- Borgund i Store norske leksikon.
- Borgund (Sogn og Fjordane) på Wikipedia på bokmål og riksmål.