Bygdabok for Dovre. Gardar, hus og folk
Bygdabok for Dovre. Gardar, hus og folk er eit verk i fire band, som tar for seg gards- og slektshistorie for all busetnad i Dovre kommune frå 1600-talet til i dag.
Bøkene vart redigerte og gjevne ut av redaktør og medforfattar Arnfinn Engen (1944-2014), som bygde på eit omfattande manuelt stoffinnsamlings- og ordningarbeid utført av Gunnar Kaas (1915-2007), og dei står begge som forfattarar.
Bygdebokbanda
- Bygdabok for Dovre : gardar, hus og folk. 1 : Frå Hjerkinn til Hjelle : gnr 1-18, 78 og 79. Utg. A. Engen. 2003. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bygdabok for Dovre : gardar, hus og folk. 2 : Frå Engum til Tofte : gnr 19-38. Utg. A. Engen. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bygdabok for Dovre : gardar, hus og folk. 3 : Frå Skjelstad til Rudi : gnr 39-56. Utg. A. Engen. no#. 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bygdabok for Dovre : gardar, hus og folk. 4 : Frå Langdalen til Dovreskogen bygdeallmenning : gnr. 57-75. Utg. A. Engen. no#. 2007. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
- «Ny bygdeboknemnd er oppnemnt» i Dagningen 1980.08.09. Digital versjon på Nettbiblioteket.