Bygdebok for Lesja
Bygdebok for Lesja er utgjeve av Lesja kommune i 4 bind, med lenke til bind 1-3 i fulltekst på Nasjonalbiblioteket (nb.no):
- Gards og slektshistorie for Lesjaskogen (1987) Digital versjon på Nettbiblioteket. Her finn du detaljert innhaldsliste og her kan du gje tilleggsopplysningar
- Gards og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn] (1992) Digital versjon på Nettbiblioteket. Her finn du detaljert innhaldsliste og her kan du gje tilleggsopplysningar
- Gards og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn] (1996) Digital versjon på Nettbiblioteket. Her finn du detaljert innhaldsliste og her kan du gje tilleggsopplysningar
- Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850-1950 (2008).
Binda 1-3 er skrive av Arnfinn Kjelland, Bind 4 av Arnfinn Kjelland i samarbeid med Tor Einbu.
Bind 4 byggjer i stor grad på eit omfattande, eige fotoinnsamlingsprosjekt som vart gjennomført parallelt med skrivinga av bind 1-3. Lesja kommune gav eigne løyvingar til dette, som resulterte i at meir enn 3000 bilde vart lånt inn frå heimane i kommunen og avfotograferte. Informasjonen om bilda vart òg nedskrive og delvis dataregistrert. I 2001 vart så negativa skanna og publisert på internett frå heimesida til Lesja kommune.
Kjelder og litteratur
- Bygdebok for Lesja (nedlagt nettside).