Byggjeskikk
Med byggjeskikk (nynorsk) eller byggeskikk (nynorsk/bokmål) meiner vi summen av bygningsteknikkar, bygningsformer, og bygningsutsmykking i ein spesifikk kultur. Byggjeskikken varierer meir eller mindre frå bygd til bygd, og vi ser gjerne markante skilje mellom landsdeler og etniske grupper. I Norge er det nyttig, i tillegg til den generelle, geografisk baserte variasjonen i byggjeskikk, å snakke om ein eigen samisk byggjeskikk og i nokon grad òg for dei nasjonale minoritetane. I tillegg kjem religiøs byggjeskikk, inkludert bl.a. kristen byggjeskikk (bl.a. kyrkjer), jødisk byggjeskikk (bl.a. synagogar og muslimsk byggjeskikk (bl.a. moskéar). Byggjeskikk er overlappande med arkitektur, som gjerne blir bruka som namn på ei meir formalisert, akademisk retning med større vekt på individuell utforming og særpreg enn på tradering av ein lokal tradisjon.
Bildegalleri
- Utmurt bindingsverk, slik som i denne bakgården i Thor Olsens gate i Oslo, var vanlig i Kristiania frå 1600-talet av.Foto: Ida Tolgensbakk / Liv Bjørnhaug Johansen (2010).
- Vestlandshusa, slik som Kapteinsgarden på Myroldhaug i Nordfjord, har gjerne liggjande panel.Foto: Halvor Vreim (1941).
- Låven på Ytre Skotet i Storfjorden på Sunnmøre er bygd i typisk vestlandsk grindverk.Foto: Frode Inge Helland (2004).
- Svalgangsbryggjer, slik som denne på Innerberg på Tustna, er vanlege på Nordre Nordmøre.Foto: Olve Utne (2008).
- Trønderlåna og lånene i naboområda kan vera ekstremt lange. Her på Ålvundeid på Nordmøre.Foto: Olve Utne (1996).
|