Drukningsulykka i Austefjorden 12. juni 1878
12. juni 1878 drukna 11 ungdomar frå Volda og Ørsta på veg heim frå bryllaup i Follabygda i Austefjorden. Ungdomane, ti frå Åmdalen i Ørsta, ein frå Halse og ei frå Ervika i Hjartåbygda hadde vore i bryllupet til Jon Ivarsson frå Dalskaret som gifta 10. juni seg med Anne Marte Jonsd. frå Rasmusgarden på Løfolla. [1]
Det var to karar frå Follabygda som skulle ro tolv ungdomar frå Løfolla til Årneset denne skjebnesvangre dagen. Alle dei fjorten var i ein båt, og da dei kryssa over fjorden frå Skoreneset til Årset kvelvde båten og 11 drukna altså. Sju av dei omkomne er innført i kyrkjeboka for Ørsta[2] og fire i Volda,[3] alle med dødsdag 12. juni. I stykket i Voldaminne 1987 er namna og tilknytinga til heimar i Ørsta og Volda gjeve opp. Der er og den spesielle sokningsteknikken Hans H. Geitvik (1856-1934) nytta for å finne att dei omkomne skildra i detalj av han sjølv.
Litteratur
- Geitvik, Hans 1987: Drukningsulykka i Austefjorden i 1878. Voldaminne s. 86-94.
Kjelder
- ↑ Møre og Romsdal fylke, Volda, Ministerialbok nr. 511A07 (1851-1878), Vigde 1878, side 451.
- ↑ På denne og dei to følgjande sidene i Møre og Romsdal fylke, Ørsta, Ministerialbok nr. 513A03 (1877-1889), Døde og gravlagde 1878, side 192-94.
- ↑ På denne og dei to følgjande sidene i Møre og Romsdal fylke, Volda, Ministerialbok nr. 511A07 (1851-1878), Døde og gravlagde 1878, side 595-97.