Egilssoga

Egilssoga er ein islendingesoge om livet til skalden Egil Skallagrimsson. Ho vart truleg nedskriven før 1240, og hovudhandskriftet er Möðruvallabók (AM 132, fol.) frå byrjinga av 1300-talet. Ved sidan av Njålssoga reknast Egilssoga som den viktigaste av islendingesogene.

Handlinga tar til i Noreg, der Egil sin farfar Kveldulf budde med sine to søner Torolf og Skallagrim. Dei har ein konflikt med Harald Hårfagre, og reiser difor til Island. Dette er dekt i den første fjerdedelen av sagaen, medan resten handlar om Egil sitt omflakkande liv som skald. Soga tar for seg kongane Eirik Blodøks og Håkon Adalsteinsfostre og fortel mykje om norske tilhøve. Erik vert framstilt som ein ekstremt valdeleg mann, som allereie som sjuåring drap ein eldre gut.

Litteratur