Eidfjordhallen
Eidfjordhallen vart opna 7. januar 2001. Hallen, som kosta 17 millionar kroner, ligg ved sidan av idrettsplassen på Lægreid, Eidfjord kommune i Hardanger. Eidfjordhallen har gitt gode høve for innandørsidretten i bygda, og særleg volleyball har vore populært.
Kjelder og litteratur
- Grove, Knut: Eidfjord 1891-2010 - frå fjord til fjell, Fagbokforlaget 2010, s. 389.