Førde skule (Breim)
Førde skule var ein del av gamle Breim kommune fram til 1964, og Jølster kommune etter det. Det første skulehuset i Førde krins kom i 1930.
Skulehuset
Det gamle huset frå Gåsemyr krins vart flytta til Førde krins og døypt om til Førde skule. Denne skulen vart først bygd i 1903, og fungerte som skule først i Gåsemyr krins frå 1903-1927, og seinare i Førde krins frå 1930 til 1965.
Før 1910 var det ikkje skulehus i krinsen, og mellom 1910 og 1924 var krinsen lagt ned og slått saman med Årdal krins i Breim. Frå 1924 og fram til 1930 leigde skulen klasserom på Kvia, vekselvis med Hans og Jakob Førde.
Anna bruksområde
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.
Digitale kjelder