Finndøla kraftverk

Finndøla kraftverk er eit vasskraftverk som ligg ved Fyresvatn i Arendalsvassdraget i Fyresdal kommune. Kraftverket starta drifta i 1973.

Kraftverket utnyttar vassfallet mellom Gausvatn og Fyresvatn. Fallet er på 303 meter. Gausvatnet regulerast mellom 589 og 550 moh, og det overførast også vatn frå Votnevatni og Grimvatn. Elva Finndøl er regulert som fylgje av utbygginga. Skagerak Kraft og Agder Energi eig kvar femti prosent av Finndøla kraftverk.

Arkiv

Arkivet etter Finndøla Kraftverk er ordna Aust-Agder Museum og Arkiv (Kuben) i Arendal. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Heimesida til Agder Energi. (Lest 4. mai 2018, kl. 10.00.)
  • Heimesida til Skagerak Kraft. (Lest 4. mai 2018, kl. 10.00.)