Fjågesund
Fjågesund er ei grend i Kviteseid kommune i Telemark. Staden ligg ved Telemarkskanalen, ved den vestre enden av Flåvatn og ved Straumen, sundet som knyter Kviteseidvatnet til Flåvatn.
Fjågesund brygge har anløp av kanalbåtane M/S «Victoria» og M/S «Henrik Ibsen». Fjågesund kyrkje er ei langkyrkje frå 1916 bygd i ein stavkyrkjeinspirera stil. Fjågesund skule vart nedlagt i 2010. Fjågesund landhandel låg i Hassvikvegen 29A. Butikken vart nedlagd i 2010 og huset rive ca. 2022. Arne Gravir var siste handelsmann her.
Namnet uttalast [fjå:`gesonn]. Ifølgje Norsk stadnamnleksikon er det sett saman av adjektiv «fjalgr» (fjåg, vakker) og sund.
Galleri
Kjelder og litteratur
- «Fjågesund», Wikipedia
- Fjågesund.no: «Fjågesund Skule»
- Stemshaug, Ola og Jørn Sandnes: Norsk stadnamnleksikon. Utg. Samlaget. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Vest-Telemark Blad, 5. april 2021: Nå kan den gamle landhandelen bli riven