Forside:Arkivvesen

Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Opptoget fra Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer i 1908.
Foto: Ukjent, 1908
NEG S60 Foregangskvinner er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2010 med tittel Foregangskvinner. Utsendar var Norsk etnologisk gransking og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.   Les mer …

Tvare/tvora i gran laget i 1946 i Vestre Slidre i Oppland. Lengde 43 cm. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum NF.1946-1207
NEG S3 Tvora er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Tvora. Utsendar var Rigmor Frimannslund og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.   Les mer …

Mannskapet på D/S "Sport" som trafikkerte Indre Oslofjord, fotografert i 1933.
Foto: Ukjent, 1933
NEG 244 Sjøfolk er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2013 med tittel Sjøfolk. Utsendar var Nettverket av sjøfartsmuseer i Norge.   Les mer …

I slike kodder sette dei mjølka til rjomen flaut opp og kunne ausast av. Denne er truleg frå 1800-talet, men om lag same typen var i bruk langt att i tida, bortsett frå at gjordene då var laga av tre, men jerngjordene på denne er vel resultatet av ein reparasjonsjobb på 1900-talet. Kodda på biletet ligg i Henriksen-samlinga med reg.nr MOR 00358. Foto frå Setesdalsmuseet. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006) b I s 53.
NEG 213 Melken og jeg. Ritualer og holdninger til melk som næringsmiddel er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2006 med tittel Melken og jeg. Ritualer og holdninger til melk som næringsmiddel. Utsendar var Inger Johanne Lyngø.   Les mer …

Skitur på Halsfjellet ved Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre, ca 1931
NEG 86 Ski og skiløyping er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1961 med tittel Ski og skiløyping. Utsendar var Jakob Vaage.   Les mer …

Grensestein sør for Gopledalsbukta i Hedrum, Larvik.
Foto: Arnstein Rønning
NEG 48 Grenser og grensemerke er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Grenser og grensemerke mellom eigedomar. Utsendar var Knut Robberstad.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar