Gimsøy prestegjeld
Gimsøy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkja.
I 1589 høyrde Gimsøy kyrkje med til Vågan residerande kapellani under Lødingen prestegjeld. Då Vågan prestegjeld vart oppretta i 1735 var Gimsøy annekskyrkje der.
Gimsøy vart eige prestegjeld, utskild frå Vågan, i 1898. I 1969 var prestegjeldet avvikla, og området delt mellom Vågan og Svolvær prestegjeld.
Kjelder
Artikkelen Gimsøy prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |