Gransherad historielag

Gransherad historielag held til på Gransherad i Notodden kommune i Telemark, og vart stifta i 2007. Laget eig Tjonebakken og nyttar dette som forsamlingshus. Dei gjev ut Gransheradkalenderen.

Tjonebakken er forsamlingshuset til Gransherad historielag.
Foto: Ukjendt / Gransherad historielag sine heimesider.

Vedtekter

Desse vedtektene vart vedtatt under årsmøte 20. mars 2007:

  1. Gransherad historielag skal fremje interesse for lokal- og slektshistorie i Gransherad. Laget skal legge vekt på at bygdehistoria blir sett i samanheng med annan historie og med dei samfunnstilhøva vi har i dag.
  2. Gransherad historielag skal fremje kulturvern, synleggjere lokale tradisjonar og samle inn og ta vare på ulikt materiale som har betyding for Gransherad si historie. Der laget finn det høveleg skal det stø opp om og eventuelt drive vern av lokale kulturminne. Laget skal ha som ein sentral oppgåve drifta og vedlikehaldet av Tjonebakken i Gransherad.
  3. Gransherad historielag er ope for alle med interesse for Gransherad si historie.
  4. Gransherad historielag bør gje ut Gransheradkalenderen kvart år. Kalenderen skal formidle kunnskap om ulike trekk ved Gransherad si historie.
  5. Gransherad historielag skal vere medlem av Landslaget for lokalhistorie, og der det er naturleg samordne arbeidet sitt med Telemark Historielag og lokale historielag elles.
  6. Gransherad historielag skal ha eit styre som skal leie laget si verksemd i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjort. Styret skal føre protokoll for alle møte og andre aktivitetar. Styret skal syte for påliteleg rekneskapsføring, for at det vert utarbeidd årsmelding, rekneskap og budsjett. Begge kjønn skal vere representert i styret. Så langt det er mogleg skal styret ha representantar for ulike delar av bygda og ulike aldersgrupper. Styret skal ha 6 medlemmer, 2 varamedlemmer og ein valkomité på 3 personar. Eit av medlemene i valkomiteen skal vere medlem av styret. Minst 4 styremedlemmer må vere tilstades for at vedtak kan bli fatta. Dersom det er 4 eller 6 tilstades, skal formannen nytte dobbeltstemme ved avstemningar. Ein revisor skal utnemnast utanom styret. Styremedlemene skal velgast for 2 år av gongen, slik at ikkje meir enn halvdelen av styret er på val om gongen. Årsmøtet vel leiaren i laget for eit år om gongen, elles konstituerer styret seg på første styremøte etter årsmøtet.
  7. Årsmøtet skal haldast kvart år før 1.april. Møtet skal kunngjerast seinast 14 dagar på førehand. Årsmøtet skal handsame: årsmelding, rekneskap, budsjett og medlemspengar, val av leiar, val av styremedlemer, val av varafolk, val av valnemnd med leiar, val av revisor, andre saker.
  8. Skal vedtektene endrast, må det vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal. Framlegg til endringar må sendast via styret og vere hos medlemmene seinast 14 dagar før årsmøtet.
  9. Skal laget oppløysast, må dette vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal. Ved oppløysing let ein Gransherad grendeutval overta eigedomen til laget. Grendeutvalet pliktar ved overtaking å sikre at laget sin eigedom kjem folk i Gransherad til gode, og samstundes arbeide for at eit nytt ansvarleg styre tek over snarast råd.

Kjelder

  • Gransherad historielag sine heimesider. Lenke.