Gravdalsvegen (Vinje)

Gravdalsvegen i Arabygdi i Rauland i Vinje kommune er ein 4 kilometer lang veg som går austover frå Arabygdvegen. Ved eit vegskil før Gravdalsstøylen dreier han sørvestover og endar ved Mauretjønnroi og Mauretjønn. Frå Gravdalsstøylen blei det kring 2012 laga ei 3 kilometer lang veg vidare austover gjennom Gravdalen til Nystøylen.

Gravdalsvegen sett frå Arabygdvegen.
Foto: Roy Olsen (2024).

Vegen har namn etter dalføret han går gjennom. Namnevedtak blei gjort i 2014.

Sjå også

Kjelder


Koordinater: 59.76565° N 7.61823° Ø