Gullstein kyrkje
Gullstein kyrkje ligg på Tustna i Aure kommune. Det er ei trekyrkje med langplan, bygd i 1869. Før den tid sokna tustningane til Edøykyrkja på yttersida av Trondheimsleia. Fram til 1874 låg kyrkja til Edøy prestegjeld, men da Tusteren Herred vart skilt ut frå Edø Herred i 1874, vart kyrkja lagt inn under Halsa prestegjeld.
Gullstein kyrkje | |
---|---|
Gullstein kyrkje. Foto: Olve Utne (2007).
| |
Sted: | Gullstein på Tustna |
Byggeår: | 1869 |
Endringer: | Lagt inn elektrisk varme i 1960. Isolert tak og oppussa sist i 1960-åra |
Kirkegård: | Det er kyrkjegard ved kyrkja. |
Materiale: | tre |
Alter: | altertavle av Nils Nergård, 1939; motiv: Jesu kamp i Getsemane. |
I 1960 fekk kyrkja elektrisk oppvarming. Ho vart oppussa både innvendig og utvendig på slutten av 1960-åra.
Interiør
Orgelet er frå 1972. Altertavla vart laga av Nils Nergård i 1939, motivet er Jesu kamp i Getsemane.
I taket i kyrkja finn vi eit såkalla kyrkjeskip eller votivskip. Dette vart gjeve i gåve frå Johannes Berget i 1969.
Bildegalleri
Ute
Inne
Kjelder
- Kiplesund, Kenneth: Gullstein kyrkje
Lenkjer
- Kirkjebok for Tustna, frå 1867 eige sokn, under Edøy prestegjeld, 1850–1874
- Kirkjebok for Tustna sokn under Halsa prestegjeld, 1875–1879
- Kirkjebok for Tustna sokn under Halsa prestegjeld, 1880–1898.