Høgvollvegen (Kviteseid)
Høgvollvegen i Sundbygdi i Kviteseid kommune er ein kring 600 meter lang blindveg som går nordover frå Dalanvegen langs Opsundbekken.
![](/thumb.php?f=Kviteseid%2C_H%C3%B8gvollvegen-1.jpg&width=400)
Parti frå Høgvollvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vegen har namn etter staden, Høgvoll-Kyrkjebø boligområde, som vart bebygd i 1970- og 80-åra. Busetnaden pr. 2021 består av 34 einebustader og eit rekkjehus med tre seksjonar.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Kviteseid kommune: Plankart (1974) og føresegner (1987)