Høyland kommune
Høyland kommune i Rogaland vart etablert i 1837 i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret. Ladestaden Sandnes vart utskilt frå Høyland i 1860. Ein liten av Høyland kommune vart overført til nabokommunen Hetland i 1912, og i 1957 fekk òg Sandnes ein del av Høyland. Åtte år seinare, i 1965, vart resten av Høyland ein del av den nye storkommunen Sandnes, saman med Sandnes by, ein mindre del av Hetland og Høle vest for Gandsfjorden.