Halász Ignácz

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane. Blant samane gjorde han omfattande innsamling av språklige data for komparativ lingvistikk så vel som av meir litterære folkeminne.

Av dei viktigaste verka hans kan nemnast Ritkábbés homályosabb képzök (‘Om sjeldne formative lydar’; krona av vitskapsakademiet), Magyar szók az eszaki szláv nyelvekben (‘Om ungarske ord i nordslaviske språk’), Svéd-lapp nyelv (‘Svensk-samisk språk’) og Az ugorszamojed nyelvrokonság (‘om ugrosamojedisk språkslektskap’). I tillegg til desse verka samla han inn og omsette finske folkesongar, omsette Grimms eventyr og samla inn og gav ut ungarske folkeeventyr.

Ignaz Fischer dødde berre 46 år gammal tysdag den 9. april 1901 i Budapest.

Tittelbladet til Sprachtexte im schwedisch-lappischen Dialecte der Lule- und Pite-lappmark (1885)

Bibliografi (utval)

  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelvtan és olvasmányok. Budapest : Akadémia könyvkiadó hivatala, 1881.
  • Halász Ignácz: Lapponica, 1, Sprachtexte im schwedisch-lappischen Dialecte der Lule- und Pite-lappmark : gesammelt und zum Teil mit ungarischer Übersetzung, sowie einem lappisch-ungarisch und deutschen Glossar. Budapest : [s.n.], 1885. [Separatabdruck aus B. 19, der von der Ungar. Akademie d. w. herausgegebenen Zeitschrift “Nyelvtudományi közlemények”.][1]
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv 4: Déli-lapp szótár. (Ugor füzetek ; 10) Budapest : Magyar Tudományos Akadémia, 1891.
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből. Budapest : Kiadja a Magyar Tudományos Akadémia, 1893.[2]
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 6, Pite lappmarki szótár és nyelvtan. Rövid karesuandói lapp szójegyzékkel. Budapest : Magyar Tudományos Akadémia, 1896.[3]

Kjelder

Basert på

Andre kjelder