Hans Olsson Dale

Hans Olsson Dale (fødd kring 1756 på garden Feta (Fetten) i Aukra kommune). Hans Olsson vart i 1796 gift med enkja Helge Ingebrigtsdotter (f. ca. 1754). Ho var første gong gift med Jon Eriksson Dale i 1785. Sistnemnde døydde i 1794. Både Dale og Feta ligg i Elnesvågen, som i denne perioden låg til Vågøy sokn og Aukra prestegjeld. Hans Olsson og Helge Ingebrigtsson fekk ikkje born saman. Hans Olsson døydde på Dale i 1821.

Hans Olsson Dale var valmann for Aukra prestegjeld våren 1814.

Kjelder

  • Ministerialbok for Aukra prestegjeld 1785-1808, tilgjengeleg på Digitalarkivet.
  • Hans Olsen i folketelling 1801 for Aukra prestegjeld fra Digitalarkivet.

Eksterne lenkjer