Hans Romundset

Hans Romundset (1904-1992) var ein skreddar og spelemann frå garden Romundset («Hansgarden») på Skarsøya i Aure kommuneNordmøre. Han var son av gardbrukar Hans Knutsen Romundset (f. 1873) og Elen Olsdatter (f. 1876)

Tidleg speling

Hans byrja med felespel då han var i 10-14 års alderen. Ein viktig læremeister i denne tida var den eldre broren, Ola. Men for det meste var Hans sjølvlærd i felespeling. Hans og Ola spela mykje i lag, både privat og offentleg. Ofte var også systra Oline med på gitar.

Hans fekk si eiga fele då han var 14-15 år gamal. Denne fela brukte han omtrent heile livet igjennom. Hans var særs aktiv som spelemann i 1930-åra og fram til han gifta seg med Ingrid Johansen frå Vesterålen i 1943.

Skreddar

Då Hans var 23-24 år byrja han som skreddarlærling hjå Halvard Husby i Foldfjorden. Husby flytta seinare til Lurvika, og Hans fylgde med. Etter kvart ville Halvard Husby slutte som skreddar, og Hans Romundset tok då over praksisen.

Etter ei tid busette Hans seg i «Grønvikja» i Lurvika, saman med kona si. Dei fekk to born. Etter dette måtte Hans arbeide for å brødfø familien sin. Han slutta difor som spelemann ei tid.

Medlem i Aure spelemannslag

I 1966 vart Aure spelemannslag stifta, etter initiativ frå Ola Aarsund i Mjosundet. Hans Romundset vart med i laget, og starta opp att som spelemann. Spelemannslaget var ei stund svært aktivt, og var med på kappleik, brudlaup og andre tilstelningar. I 1985 vart Hans Romundset tildelt æresmedlemskap i Nordmøre spelemannslag for si lange tid som aktiv spelemann.

Komponist

Etter at Hans vart med i spelemannslaget, byrja han med å komponere melodiar. Han har laga over 100 komposisjonar, 86 av desse har hans sjølv spela inn på band. Ein populær melodi etter Hans Romundset er «Lurvikvalsen».

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker