Harpe
Ei harpe er eit strengeinstrument der strengene er spent i ei som hovudregel trekanta ramme og strengene blir klimpra med fingrane. I Norge har det vore skilt mellom byharpe, som er den klassiske europeiske harpa, og bygdeharpe, som er lokalt produserte folkemusikkinstrument.
Bygdeharper
Det finst bevart ni norske bygdeharper:
Opphavsstad | Datering | Bilde | Størrelse | Strenger | Skildring | Museum | Kat.nr. |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Nordstu Vestgård, Stai, Stor-Elvdal | 1776 | L 115 cm | 19 | Innskrift: «M.H.D. 1776 Westgaard». Både klangbotn og forstykke er i uthola gran; halsen med stemmeskruane er i bjørk. Forstykket har eit utskore dyrehovud i øverenden. |
Norsk Folkemuseum | NF.1904-0038 | |
Folldal i Nord-Østerdalen | 12 | Klangbotn og forstykke er i gran; halsen med stemmeskruane er i bjørk. | Norsk Folkemuseum | NF.1904-0213 | |||
Røros, Trøndelag | klangbotn: 98 cm forstykke: 103 cm hals: 56 cm |
12 | Brunmåla tre med forgylling. Forstykket er relativt smekkert og i solid tre; halsen har tydeleg innbukting. | Norsk Folkemuseum, deponert på Ringve Musikkmuseum | NF.1920-0204 | ||
Bamble, Telemark | 91,5x71,0 cm | 17 | Klangbotn har resonanskasse. Halsen med stemmeskruane går i ca. 40° vinkel opp frå diskantenden av klangbotnen. Forstykket og strengene står i 90° vinkel frå klangbotnen. | Norsk Folkemuseum | NF.1930-0520 | ||
1769 | 18 | Innskrift: «DHD ANNO 1769». | Glomdalsmuseet | ||||
Bygdeharpa vart teken i bruk att i både folkemusikk- og tidleg musikk-samanheng dei siste tiåra av 1900-talet. Kjente bygdeharpeutøvarar inkluderer Kalenda Maya-musikarane Sverre Jensen og Tone Hulbækmo så vel som Åshild Watne og Stein Villa.
Kjelder
- Bing, Morten: «Den norske harpa», i By og bygd : Norsk Folkemuseums årbok 31 (1985–86), s. 205–221.
- Digitalt Museum
|