Haukomvegen (Kviteseid)

Haukomvegen i Kviteseid kommune går austover frå Granlivegen til Haukomgrenda der han deler seg i fleire greiner. Den lengste greina endar i Heivatnvegen ved Heivassdammen i Heivatn på Brokefjell. Utanom avgreiningane er vegen fram til dammen 4,9 kilometer lang. Etter garden Brekke er vegen ein rein skogsbilveg stengt med bom.

Parti frå Haukomvegen.
Foto: Roy Olsen (2024).

Vegen har namn etter Haukomgrenda og blei namnsett i 2021. Fram til da var han ein del av Granlivegen. Namneendringa var etter innspel frå bebuarane.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Vest-Telemark Blad, 22. oktober 2021


Koordinater: 59.39833° N 8.49975° Ø