Helleland skule

Skulehuset på Helleland i Vik kommune vart fyrst bygd i Berdal i 1863. I 1879 vart bygningen flytta til Helleland. Dette var skulehuset til Helleland krins fram til den vart lagt ned i 1972.

Skulehuset på Helleland.
Foto: Bjarnhild Samland

Skulehuset

Helleland skule var ein todelt skule der dei yngste elevane gjekk på skulen tysdag, torsdag og laurdag, og dei eldste gjekk dei tre andre kvardagane. Lokalet vart etter kvart for lite til å oppfylle krava som skulelova av 1959 medførte. I 1962 var tida som skulehus over, og elevane vart flytta til Feidjane.

Anna bruksområde

Etter at skulen vart lagt ned vart skulebygget nytta som vallokale i ein periode. I 1969 lyste Leikanger kommune huset ut for sal. Sigmund Tveit kjøpte skulehuset som ligg slik til at det vart ein del av garden hans på Helleland. Han leigde ut huset til turistar gjennom Norsk hytteforening fram til 1980. Tveit selde garden til Asbjørn Grindedal i 1990, og i i 2004 kjøpte nederlendaren Augustin Morel og kona garden.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


  Hele eller deler av Helleland skule er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.


Koordinater: 61.128188° N 6.752400° Ø