Hemsedal historielag

Hemsedal historielag i Hemsedal kommune i Hallingdal vart skipa 14. april 1999. Formålet er «å samle Hemsedal si historie i fortid og notid».

Historielagets logo.

I 2019 hadde laget omkring 220 medlemmer. Sidan oppstarten har medlemstalet har vore jamnt stigande. Hemsedal historielag er eit av dei større friviljuge laga i Hemsedal og eit av dei største historielaga i Hallingdal.

Leiarar

  • Knut Olav Halbjørhus 1999–2005
  • Olav Støyten 2006–2007
  • Syver Hjelmen 2008–2014
  • Håvard Venås 2015 –

Hovudaktivitetar

Det har vore god aktivitet i laget heile tida sidan det vart skipa, og mange eldsjeler har gjort ein stor innsats. Hovudaktiviteten er drift av bygdearkivet. Hemsedal Bygdearkiv er eigd av Hemsedal kommune. Gjennom ei samarbeidsavtale mellom kommunen og historielaget stiller kommunen arkivlokale til disposisjon, og dei dekker også ein del faste utgifter ved arkivlokala. Historielaget samlar inn lokalhistorisk materiale og har ansvaret for å ordne og arkivere dette etter gjeldande retningsliner for slike arkiv. Hemsedal historielag har også skanna og lagt ut vel 5 000 gamle bilete (pr. 2019) på Digitalt Museum.

Elles har historielaget arrangert medlemskveldar/témakveldar ein til to gonger i året om ulike historiske emne, gjerne med innbeden gjest/føredragshaldar. Laget har også hatt ein slik bolk på årsmøtet. Likeeins har Hemsedal historielag hatt ein medlemstur kvart år – dagstur – med omvisning på historiske stader i nabobygdene og nabodalføra.

Publikasjonar

Hemsedal historielag har i fleire år gitt ut «Hemsedalkalenderen» - med gamle bilete frå Hemsedal og teksting for kvart bilete. Den fyrste kalenderen kom ut for 2009.

Saman med Hemsedal Mållag har Hemsedal historielag gitt ut ein bokserie kalla Hemsedal gjennom tidene – med i alt fem bøker med lokalhistorie frå Hemsedal både gjennom tekst og bilete:

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar fra historielaget (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking 2019).

Eksterne lenkjer