Hjørundfjord kommune
Hjørundfjord kommune var ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal, oppretta i 1838 ut ifrå Hjørundfjord prestegjeld. Kommunen hadde Sæbø som administrasjonsstad, og den og prestegjeldet hadde namn etter Hjørundfjorden.
Hjørundfjord kommune vart samanslått med fastlandsdelen av Vartdal kommune og Ørsta kommune 1. januar 1964 under namnet Ørsta kommune. [1] Hjørundfjord kyrkje og Storfjord kyrkje ligg i den tidligare kommunen.
Litteratur
- Aklestad, Sivert. 1937. Minneskrift. Hjørundfjord kommune 1837 - 1937. Ålesund, 1937.
Kilder
- ↑ Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.