Hjelp:Nynorsk for bokmålsbrukarar

Er du vant til å skrive bokmål, men har lyst til å lære deg å skrive nynorsk, så finn du ein del tips på denne sida.

Nokre enkle hovudtips

Desse hovudtipsa dekkjer ikkje 100 % av språket, men rettar du deg etter dei, er du allereie på god veg til å skrive rett nynorsk.

Hv blir kv

I ord som blir skrivne med hv på bokmål får vi generelt kv på nynorsk:

hva > kva; hvit > kvit; hvelve > kvelve

Framfor o blir hv til k:

hvor > kor

Dialekt -ær og -a(r) blir -ar

Der mange søraustnorske dialektar har fleirtalsformer med -ær og -æne/-an(e), skriv vi generelt -ar og -ane på nynorsk, mens -er og -en(e) svarar til -er og -ene på nynorsk:

ballær, balla(r) > ballar; bilæne, bilan(e) > bilane
jenter > jenter; jentene > jentene

Ei, au og øy

I ord der bokmål varierer mellom monoftong og diftong (e/ei, ø/øy, ø/au), brukar vi alltid diftongforma på nynorsk:

sten/stein > stein; røk/røyk > røyk; øst/aust > aust

Nokre ord som berre har monoftong på bokmål, har diftong på nynorsk:

lørdag > laurdag

Dobbel og enkel konsonant

Mange ord som har dobbel konsonant på bokmål har enkel konsonant på nynorsk:

gutt > gut
glass > glas

Ein del ord har valfri enkel eller dobbel konsonant på nynorsk:

kjøt(t); kjøk(k)en; velkom(m)en

Skriv tydeleg og forståeleg

Det er betre å skrive ting så rett fram som muleg enn å laga ein blomstrande og innfløkt tekst. Hugs at nokon skal lesa det du skriv!

En undersøkelse ble bestemt foretatt omgående av det stedlige kommunestyre. > Kommunestyret der avgjorde at saka skal undersøkjast med ein gong.

Tren opp språkkjensla

Den enklaste måten å lære seg å skrive godt nynorsk er å trene opp språkkjensla. Dei fleste nynorskbrukarar les mykje bokmål, fordi dei ikkje har noko val. Men mange bokmålsbrukarar les sjeldan nynorsk, og målforma blir derfor oppfatta som framand. Les ein nynorske tekstar, blir ein tryggare på målforma, og det blir mykje lettare å skrive nynorsk.

Grammatikk

Pronomen

Dei fleste pronomena er like på bokmål og nynorsk:

meg, min, mi, mitt, mine; du, deg, din, ditt, dine; han, hans; henne; det; vi, oss, vår, vårt, våre...

Enkelte former er likevel ulike:

jeg > eg; hun > ho; dere > de / dykk (akk./dat.); de > dei ...

Verb

Linne (svake) verb

Svake verb deler vi i fire grupper etter kva endring dei får i preteritum. Dei fire gruppene kallast a-verb, e-verb, nå-verb og fortelje-verb.

A-verb

Det er to måtar å kjenne att a-verb:

  • Samanlikning med talemålet: Dei fleste verb som endar på -a eller i preteritum er a-verb på nynorsk.
  • Je/æ/e dansa i går - danse er eit a-verb
  • Samanlikning med bokmål: Verb som får endinga -et eller -a i preteritum på bokmål er a-verb på nynorsk.
  • I går syklet/sykla jeg - sykle er eit a-verb

Verb som får -a i preteritum skal normalt ha -ar i presens:

I går kasta vi ballen, men i dag kastar vi balltreet i staden.

A-verba bøyer ein slik:

å kaste - kastar - kasta - har kasta
å danse - dansar - dansa - har dansa

E-verb

Verb som får -de eller -te i preteritum, skal normalt ha -er i presens:

I går kjente vi ingen her, men i dag kjenner vi dei fleste.
I fjor studerte han i Oslo, og i år studerer han i Bergen.

Bruker ein klammeforma -te i preteritum blir desse verba bøygde som i bokmål.

Nå-verb

Nå-verb bøyer vi som på bokmål:

å nå - når - nådde - har nådd
å bu - bur - budde - har budd

Fortelje-verb

Fortelje-verba bøyer vi slik:

å fortelje - fortel - fortalde/[-te] - har fortalt
å velge - vel - valde/[-te] - har valt

Dei viktigaste verba i denne gruppa er:

telje, krevje, spørje, smørje, gjere, symje, selje og skilje

Andre

Nokre verb som er sterke i bokmål er linne i nynorsk. Merk deg spesielt:

å vite - veit - visste - har visst
å hjelpe - hjelper - hjelpte - har hjelpt
å treffe - treffer - trefte - har treft

Sterke verb

Substantiv

Nynorsk har tre kjønn: Hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Felleskjønn finst ikkje, så der ein på bokmål kan velje mellom hankjønn og hokjønn får ein nesten alltid hokjønn på nynorsk.

Hankjønn

Dei fleste hankjønnsord får -ar og -ane i fleirtal. Den ubundne («ubestemte») artikkelen er ein.

ein gut - guten - gutar - gutane
ein bil - bilen - bilar - bilane

Unntak er ord på -nad og -a, og nokre andre ord som får -er og -ene i fleirtal, med -ar og -ane som klammeformer.

ein månad - månaden - månader - månadene
ein gjest - gjesten - gjester - gjestene
ein villa - villaen - villaer - villaene

Som på bokmål har nokre hankjønnsord omlyd. Desse får -er og -ene i fleirtal.

ein fot - foten - føter - føtene

Hokjønn

Dei fleste hokjønnsord får -er og -ene i fleirtal, som på bokmål.

ei jente - jenta - jenter - jentene
ei bok - boka - bøker - bøkene

Unntak er ord på -ing, som alltid får -ar og -ane i fleirtal:

ei kjerring - kjerringa - kjerringar - kjerringane

Enkelte ord, særleg einstavingsord som har med naturlandskap å gjera, får normalt -ar og -ane i fleirtal, men har sideformer med -er og -ene:

ei elv - elva - elvar - elvane
ei myr - myra - myrar - myrane
ei øy - øya - øyar - øyane

Inkjekjønn

Dei fleste inkjekjønnsord har fleirtal ubunden («ubestemt») form lik ubunde eintal og -a i bunde fleirtal.

eit hus - huset - hus - husa
eit eple - eplet - eple - epla

Tre ord – auge, hjarte og øyre – kan òg ha ei eldre bøying, men for bokmålsbrukarar er det enklaste å bøye dei regelrett. Nokre framandord på -um kan, som på bokmål, ha uregelrett bøying; endinga -a kan anten leggast på ordet eller settast i staden for -um (pensuma eller pensa(a), faktuma eller fakta(a)). For ord på -ium blir -a alltid sett i staden for -um (akvaria, podia). Dette gjeld ikkje stoffnamn på -ium, som alltid blir bøygde regelrett.

eit pensum - pensumet - pensum - pensuma eller
eit pensum - pensumet - pensa - pensa(a)

Talord

Rekkjetal

Dei fleste rekkjetala er like på bokmål og nynorsk:

to tre fire fem seks sju åtte ni ti elleve tolv tretten fjorten femten seksten sytten atten nitten tjue tretti førti ...

Nokre tal har fleire former på bokmål. I desse falla brukar nynorsk dei tala som liknar på svensk og ikkje dei som liknar på dansk:

sju/syv > sju; tjue/tyve > tjue; tredve/tretti > tretti

Merk særleg at ein har diftong i alle former på nynorsk:

ein - ei - eit

Ordenstal

Hovudskilnaden mellom ordenstala på bokmål og nynorsk er at der bokmål har -ende har nynorsk -ande:

sjuende > sjuande; femtende > femtande