Hjeltnæsske Børnestiftelse

Hjeltnæsske Børnestiftelse var ein barneheim som vart oppretta av Christopher Hjeltnæs på andre halvdel av 1700-talet. Det var eldste plassbruket på Hjeltnes, Skjølavikje, som vart utskilt til barneheim, og forstandarane der disponerte bruket som husmenn med jord. Gåvebrevet til stiftinga sette Christopher Hjeltnæs opp i 1770, og kongen stadfesta det i 1776. Gåvebrevet var gyldig frå 1777; dei neste tre åra var avsett til bygging; og frå 1780 skulle stiftinga ha normal drift. Den første forstandaren vi veit om der var John Gullichssøn (f. 1755), som i folketeljinga 1801 er omtala som Husmand med Jord og Forstander for den af Christopher Hjeltnæs i Skjællevig oprettede Børne Stiftelse. Han budde der saman med kona, Brynilda Olsdt. (Vambheim). I 1801 er det oppført fem Opfostringsbørn der, men det er eigentleg tre, ettersom to av dei er deira eigne born.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!