Hornindal historielag
Hornindal historielag held til i Hornindal i Volda kommune. Laget vart skipa 19. september 1975. Føremålet er «å vekkje interesse for lokalhistorie innanfor det området historielaget arbeider», og «ein vil arbeide for å verne og registrere kulturhistoriske minne som kan fortelje om åndelig og materiell kultur innanfor området, i notid og fortid».
I 2019 hadde laget 32 medlemmer.
Leiarar
- Paul O. Tomasgard 1975-2012
- Solveig Brendefur 2013-
Hovudaktivitetar
- Arbeid med lokalhistorie, mest i form av støttespelar/kasserar for utgjeving av bøker.
- Boksleppa er viktige arrangement. Det har vore stort frammøte på desse. Forfattarane har orientert om arbeidet med bøkene og utdjupa det historiske.
- Laget deltek på kulturnatt og julemarked kvart år.
- Medlemsturar til kulturelle stader i andre bygder.
Publikasjonar
- Haugen, Kåre R.: Minneboka frå Honndalen : fotografi frå Kristianna Kongsvik : konfirmantar i Honndalen 1930-2017. Utg. Hornindal historielag. 2017. 242 s. ISBN 978-82-303-3679-3.
- Historisk årsskrift. Utg. Hornindal historielag. 1985-. ISSN 0802-7501. Årsskrift nr 30 (2015) har register over artiklane 1985-2015.
- Tomasgard, Atle: Vår barndoms gard : guteliv i Hornindal i overgangstida i 1940- og 50-åra. Utg. Hornindal historielag. 2016. 192 s. ISBN 978-82-303-3418-8.
- Tomasgard, Paul O.: Frå flintsigd til robotfjøs : landbruks- og bygdehistorie frå Hornindal : Band 2. Utg. Hornindal bondelag og Hornindal historielag. 2019- 264 s. ISBN 9788269161120.
- Tomasgard, Paul O.: Om plassefolket i Hornindal : "-i hans og hustruens levetid" : husmannslivet - strev og sut i nøysemd og armod. Utg. Hornindal historielag. 2015. 160 s. ISBN 978-82-303-3061-6.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå historielaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av historielag 2019).