Ideal (skonnert 2016)
S/S «Ideal» er ein skonnert som er under bygging i Kristiansund på Nordmøre. Skuta, som er 120 fot LOA og bygd i tre, er bygd med utgangspunkt i ein skonnert som vart bygd i 1910 ved Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal i Kvinnherad. SS «Ideal» vart sjøsett tirsdagen den 31. mai 2016 og ligg per august 2016 ved kai for rigging og øvrig ferdigstilling. Ho skal riggast som tremastra slettoppar og bl.a. brukast som skuleskip.