Skonnert
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. Dei tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei to- og tremasta skonnertane skil seg ut frå briggar og barkar ved at stormastra primært er sneiseglrigga.
Ein skonnert kan riggast på ei rekkje ulike vis: Den reint sneiseglrigga skonnerten blir kalla slettoppar og har berre gaffelsegl og stagsegl. Slettopparane kunne mot slutten av seglskutetida ha opptil sju mastrer. Toppseglskonnerten er sneiseglrigga, men har i tillegg eit skværsegl (råsegl) på fokkemastra, og ofte òg på stormastra.
Ein skonnertbrigg eller brigantin har to mastrer, med skværseglrigg på fokkemastra og sneiseglrigg/gaffelseil på stormastra. Fokkemastra er tredelt med mers og stormastra er todelt med saling som typisk for skonnertriggen. Dette er såleis ein blandingsrigg og han har ôg vorte kalla «hermafroditt-brigg» og «halv-brigg». I norske 1800-talskjelder er skonnertbrigg eller brigantin oftast kalla «skonnert», noko som har ført med seg mange misforståingar. Misforståingane kan vera at ein går ut frå at båten er omrigga, og i leksikon er denne blandingsriggen gjerne fremstilt som rein skonnertrigg.
Tremastra skonnertar med skværsegl på fokkemastra og sneiseglrigg elles blir kalla skonnertbark, skonnertskip eller barkantin.
Galleri
Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra. Skilnadene mellom skonnert og galeas gikk dels på skroget, som var mearkant meir strømlineforma og skarptsaeflande på skonnerten, og dels på at aktre master var jamnhøg eller høgre enn fremre master på skonnerten, medan aktre master på galeasen var markant lægre.
Skonnertbrigg «Mina Testmann», bygd i Christiansund i 1815 for J.F. Roshouw i Trondhjem. Somme skonnertbriggar hadde eit mindre gaffelsegl på fokkemastra. Det er likevel ein skonnertbrigg og ikkje ein skonnert ettersom fokkemastra er fullrigga og 3-delt.
Mot slutten av seglskutetida vart det vanlegare at skonnertane hadde fleire mastrer og rein sneiseglrigg. Oftast utan nokon råtoppsegl og med trekanta toppsegl som her blir dei kalla slettopparar. Her ser vi den tremastra slettopparen Linden frå Mariehamn på Åland.