Indre Fjærland krins

Indre Fjærland krins var ein skulekrins i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune. Krinsen har eksistert som ein av tre krinsar i Fjærland sokn sidan 1741. Først dekka krinsen områda frå Øyjordi til Stølen. Etter 1860 snakka dei om området Bøyum-Stølen. Krinsen vart i 1965 slegen saman med Hamrum.

Eit stort raudt skulehus med store vidauge på langsida i første etasje. Huset står på ein støypt grunnmur som også har vindauge og ei lita dør. Døra er grønn, men malinga begynner å blir slitt. Hovuddøra er akkurat ute av synet rundt hjørnet til ventre, men ein ser eit overbygg heldt oppe av stolpar der ein går inn. Bildet er tatt på seinhausten og det ligg rim på bakken.
Indre Fjærland skulehus slik det så ut hausten 2022. Huset er i dag i bruk som bygdahus.
Ein mosegrodd mur kutter av ei helling i terrenget. Under muren er ein gruslagd plass kor to benkar er synlege i det eine hjørnet av bildet. Gras og andre småplantar veks over og rundt sjølve muren. Bildet er tatt på seinhøsten, og det ligg lauv på bakken. Eit lag rimfrost dekkar heile området.
Restane av grunnmuren frå eit eldre skulehus ligg i dag på oppsida av dagens bygg.

Skulehus

Skulehuset frå 1862

Det var fast skule på Skarestad frå 1862. Klasserommet hadde plass til 28 born og hadde eit "aftrædelsesværelse". I dag er det berre delar av gunnmuren som er synleg av det gamle skulehuset.

Skulehuset frå 1928

I 1918 starta arbeidet med få satt opp eit nytt skulehus for krinsen. Det vart bestemt at det nye huset skulle bygjast på same tomta som den gamle skulestova sto. Det nye skulehuset sto ferdig først i 1928. Huset hadde to klasserom i første etasje, gymnastikksal i andre etasje og sløydsal i kjellaren. I den eine hjørnet var det også lærarbolig. Eit uthus med toalett sto i det eine hjørnet av skulegarden (dette er i no reve og toalett er bygd inn i sjølve skulehuset). Huset er i dag i bruk som bygdehus, kor dei to klasseromma har blitt slått saman til ein sal med scene, og kor kjellaren er i bruk som skytebane. Den luten som var lærarbolig er i dag kjøkken og spiserom med tilknytting til salen.

Skuledagen

I 1890 tok krinsen opp spørsmålet om fysisk avstraffing. Det var då beslutta at "læreren skald have myndighed til at tildele barnet ris".[1]

Krinsen ytra i 1907 ønske om at opplæringa i skulen skulle foregå på landsmål.

Sjukdom og fråvær

I 1912 gjekk det ein halssjukdom i krinsen som gjorde at nokre foreldre ikkje ville sende barna på skulen. Skulens tilsynsutval avgjorde å stenge skulen ei vekes tid for å unngå smitte.[1]

Skulevegen

Lærarar

Foto

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Møtebok for tilsynsutvalet i Ytre Fjærland skulekrins, 1890-1963

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Intervju med Svein Bjåstad, 21. november 2022.


Koordinater: 61.43505° N 6.77210° Ø