Midtre Fjærland krins
Midtre Fjærland krins (også omtala som Hamrum krins) var ein skulekrins for grendene i midtre del av Fjærland, på begge sidene av fjorden, i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune. Frå 1953 vart namnet på krinsen endra til Mundal krins. Frå 1741 hadde Fjærland vore delt i tre krinsar. I starten vart desse kalla: 1) Hamarsnes-Mundal (midtre), 2) Øyjordi-Stølen (indre) og 3) Berge-Rommøren (ytre).
Skulehus
Hamrum skule
I 1877 fekk Midtre Fjærland krins skulehus på Hamrum (Homrane). Klasserommet hadde plass til 24 born og det var knytt til eit «Familiebekvemmelighed med en liten jordvei» til skulehuset. Huset er i dag i privat eige som fridtidsbolig.
Mundal skule
I 1950 vart det bygd ny skule på Pålsneset, som etter røysting i 1952 fekk namnet Mundal skule. Krinsen vart slege saman med Ytre Fjærland i 1957, men dei heldt fram med vinterskule i Ytre Fjærland fram til 1962-63. Borna frå Indre Fjærland vart flytta til Mundal skule i 1965. Før den tid hadde dei også mellom anna sløydundervising på Mundal.
Ei utviding av skulehuset sto ferdig i 1975, då det i tillegg vart bygd symjebasseng ved skulen. Det er i dag både barneskule og barnehage i drift i skulebygga.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
- Frå 1741: Rasmus Olson Bøyum, lærar for alle tre krinsane i Fjærland.
- Frå 1803: Nils Nilsson Henjum, lærar for alle tre krinsane i Fjærland.
- Frå 1821: Hans Olson Flesje, lærar for alle tre krinsane i Fjærland. Vart lærar i Indre Tjugum frå 1838.
- Frå 1838: Eirik Olson Flesje, bror til Hans Olson Flesje, lærar for alle tre krinsane i Fjærland.
- Frå 1849: Ingebrikt Mundal, fram til 1860 var han lærar for alle tre krinsane i Fjærland. Etter 1860 vart han lærar for Indre Fjærland krins (Bøyum-Stølen) og Midtre Fjærland krins (Distad-Bjåstad). Ytre Fjærland krins delte etter dette lærar med Eitorn krins.
- Frå 1896: J. Aarskog
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Laberg, Jon (1934) Balestrand - bygd og ætter, s184-199.
- Urtegaard, Gunnar. Bering, Bjørn. Kleppa, Hermund (1989) Soga om grunnskulen 1739-1989. Balestrand kommune.
- Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
- Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
- Avgangsvitnesbyrd for Hamrum skule, 1893-1957. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Avgangsvitnemål for Indre Fjærland skulekrins og Mundal skule, 1932-1964. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Hovudbok for Mundal skule, 1958-1965, 1972-1977. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Indre Fjærland skulekrins og Mundal skule, 1927-1975. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Mundal skule, 1954-1978. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Hamrum skulekrins, 1884-1907. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Hamrum skule, 1907-1938. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Hamrum skule og Mundal skule, 1938-1977. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Kassabok/møtebok for Hamrum skule, 1919. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Møtebok for tilsynsutvalet i Hamrum skulekrins og Mundal skulekrins, 1919-1970. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Tilvekstliste og rekneskapsbok for Hamrum skuleboksamling, 1942-1956. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Utlånsbok for Hamrum skuleboksamling, 1943-1955. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Rekneskapsbok for Mundal skuleboksamling, 1955-1973. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Utlånsbok for Mundal skuleboksamling, 1957-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Utlånsbok for Mundal skuleboksamling, 1968-1979. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Utlånsbok for Indre Fjærland skuleboksamling, 1961-1982. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Intervju med Sven Bjåstad, 21.11.2022