Ingebrigtbruket på Kvamme i Stryn (Gnr 17:5)

Ingebrigtbruket på Kvamme i Stryn (Gnr 17:5). Sjå meir om gard og grend på Kvamme i Oldedalen.

Bruka på Kvamme: Nigard Utigard Sjur Johans Ingebrigt Utogned Kvamme øvre Kvamsland Solbakken Fjelltun Plassefolk

17/05 Ingebrigtbruket på Kvamme

Ingebrikt Markussen er brukar på garden i 1886[1]. Skulda er urevidert 2-3-1 (daler-ort-skilling)/revidert 3-91(mark-øre).

Ingebrigt M. Kvamme fødd 14/10/1865 var gift med Synneve Sjursdatter Yri (1867-1904). I 1907 er han brukar på garden og landskulda er 3-91.[2] I 1910 er han sjølveigande gardbrukar på Kvamme. Han er da gift med Johanne A. Kvamme, (f. Strand) fødd 12/4/1882.

Ingebrigt og Synneve har:

  • Markus I. Kvamme, fødd 25/1/1893.

I 1910 finn me fleire som hadde opphald på garden:

  • Karoline O. Loftnæs, fødd i Davik 7/9/1889. Ho er tjenejente på garden.
  • Anders M. Kvamme, fødd 9/5/1816. Han er ugift og har opphald på garden.
  • Brithe I. Kvamme, fødd 25/2/1833. Ho er ugift og har opphald på garden.

Abraham A. Kvamme, fødd 9/12/1845 og kone Jartru A. Kvamme, fødd 8/11/1837 i Loen, er føderådsfolk på garden i 1910.

Jartru A Kvamme (f. Nesdal) er mor til Ingebrigt Markusson Kvamme, og var tidlegare gift med Markus Ingebrigtsson (1836 -1877)


Referansar

  1. Matrikkel 1886
  2. Matrikkel 1907