Innset kyrkje

Innset kyrkje er soknekyrkje for Innset sokn i Rennebu kommune. Kyrkje blei vigsla i 2000, etter at Innset gamle kyrkje brann ned i 1995. Nykyrkja er oppført som ei korskyrkje over nær sagt same grunnformen som den gamle, men med nokre endringar i takkonstruksjonen, spiret, våpenhuset og disponeringa av kyrkjerommet.

Innset kyrkje
13476 Innset krk.jpg
Foto: Olve Utne (2009).
Stad: Innset
Byggeår: 2000
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Nidaros
Prosti: Gauldal
Prestegjeld: Rennebu
Fellesråd: Rennebu
Sokn: Innset
Arkitekt: Kvernaas arkitekter AS
Materiale: Tømmer
Sitteplassar: 300

Den gamle kyrkja var reist i barokk stil av Palle Joensen i 1642, og var privatkyrkje for Innset kopparverk fram til 1814.

Galleri

Kjelder