Jødestad (Sandnes gnr. 108)
Jødestad er ein matrikkelgard i Riska bydel i Sandnes. Garden ligg på ein flate eller hylle i terrenget, oppføre utmarka på Riskagarden. Tunet ligg 140 meter over havet. Innmarka går ned mot aust, mot Frøyland, mens utmarka strekker seg oppover mot fjellet i vest. Garden grenser i nord mot Riska og i sør Skjørestad, i vest ligg Dale og i aust Frøyland.
| Jødestad | |
|---|---|
| Stad: | Jødestad |
| Sokn: | Riska og Høle |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 108 |
Gardsnamnet
av Inge Særheim
Uttalemåten av dette namnet er Jødesta /"jø:desta/. Av eldre skriftformer kan nemnast Justadt, Judestaid og Jøllested frå 1560-åra, dessutan Jødilstad frå 1618 og Jødelstadt, Jødellstad og Jødillstad frå 1619. Norske Gaardnavne tolkar føreleddet i dette stad-namnet til eit mannsnamn, gammalnorsk Ljótolfr. Dette personnamnet har utvikla seg til forma Jødel i Rogaland. Tolkinga til dette mannsnamnet høver godt med dei eldste skriftformene og uttale måten av namnet Jødestad.
Bildetekst:
Luftfoto av Jødestad tatt i femtiåra. Nærast er garden til Asseus Haaland, så kjem Olsane (kvitt hus, kvit løe) og så Iversen sin gard bak der igjen. Litt lenger bak, skjult bak tre, ligg Finnavodl og endå lenger ute ser me bureisingsbruket i Heia. Nedføre breier den store og gode utmarka på Riskagarden seg der me ser fleire bureisingsbruk. Heilt ute på kanten ser me gårdshus på Li og i bakgrunnen skimtar me Byen. Til venstre skaret over til Dale.
Interessant er det at det ser ut til å finnast eit identisk stadnamn av norrønt opphav på Isle of Man i Irskesjøen, skrive Leodest i 1515. Eit Ljótolfsstadir finn ein òg på Island, nemnt i Landnåmabok.
Matrikkelgarden
Landskyld/Matrikkelskyld
I ei liste over landskyld til bispestolen i 1567 står Jødestad ført med 1/2 pund korn, det er 12 spann. I 1603/04 var skylda 3 1/2 vetter (=2l spann), og i 1615/16 står garden med 1 pund korn (= 24 spann). I 1622 blei skylda sett opp til 1 pund og 3 spann (= 27 spann). I ei liste i amtmannsarkivet frå 1625/30 står garden med 1 pund og 1 vett (= 30 spann). Men i 1626 er landskylda igjen kommen ned på 1 pund korn og blei sidan verande der.
I 1838 fekk Jødestad ei ny skyld av 5 dalar, 0 ort, 6 skilling. I 1889-matrikkelen har denne garden ei skyld på 6 mark og 70 øre.
Skatteklasse
Jødestad var halvgard. 1648-matrikkelen har grensa for halvgardar noko høgare, der står derfor Jødestad som øydegard. Mens lista over garnisonsskatt frå 1627/28 har fullgardsmålet heilt nede på 1 pund korn, Jødestad er derfor med blant fullgardane der.
Nummer i eldre og nyare matriklar:
- 1668 No 37 i Gand skipreide
- 1838 Matrikkel no 10 i Gands tinglag
- 1851 Matrikkel no 24 i Hetlands tinglag
- 1889 Gardsno 44 i Hetland herred
- Nå Gardsnr 108 i Sandnes kommune.
Den eldste gardshistoria
Jødestad blei skilt ut frå gardsvaldet til den gamle, store Riskagarden i folkevandringstida. Eit gravfunn frå tida rundt 500 e.Kr. viser at det budde folk her då. Her var også folk på garden i vikingtida. Biskopen i Stavanger blei eigar av Jødestad i mellomalderen. Då må her også ha budd folk som dreiv garden.
I nedgangstida i seinmellomalderen flytta folka vekk og garden blei liggande folketom, øyde. Kan henda brukte Riska-folka området til slått eller beite i den tida, eller var det heller bøndene på Skjørestad?
Ved midten av 1500-talet kom det folk igjen her og garden blei tatt i drift på nytt. Dersom Jødestad blei fraflytta nokså snart etter Svartedauen i 1349, kan garden altså ha lege folketom så lenge som to hundre år.
Gardsdrift
Åkerbruket
Garden på Jødestad låg øyde i seinmellomalderen, men fekk fast busetting på nytt ein gong i fyrste halvdel av 1500-talet. Den fyrste tida gjekk nok med til å rydda dei gamle overgrodde åkrane og få jorda i hevd igjen. Men i åra mellom 1602 og 1645 betalte likevel Jødestad-mannen så pass i korntiende at han var omlag på gjennomsnittet i bygda og då kan me gå ut ifrå at gjenryddinga var ferdig. Nå var ikkje åkerjorda på Jødestad blant den beste jorda i bygda, og det var kan henda ein av grunnane til at garden hadde blitt fraflytta. I ein fyrstebygselstakst frå 1633 heiter det at garden var "Megitt Ringe". Og ifylgje matrikkelen frå 1668 var her "Mislig Koren Jord". Det var bare Nora Hogstad og Jødestad som fekk så dårleg karakter i den matrikkelen.
I 1723 sådde dei på Jødestad 5 tønner korn og hausta 30 tønner. Det gir eit folltal på 6, som er det nest lågaste i bygda. Bare Nora Hogstad og Dale hadde dårlegare jord. I 1668, 1723 og 1775 sådde dei omtrent same mengde korn her på garden. Etter at dei gamle åkrane var rydda på nytt, har det altså ikkje blitt dyrka meir. På dette
hausta dei 30 tønner i 1723 og 35 tønner i 1775. Kornavlinga var i 1782 på 3 tønner meir enn dei hadde bruk for sjølv, og dei måtte selja 1 tønne korn til trengande. Men utover 1800-talet aukte nydyrkinga på garden. Allerede i 1835 sådde dei over dobbelt så mykje som i 1775, og fram til 1875 blei utsæden bortimot dobla igjen. Garden blei i denne tida ikkje så svært oppstykka. I den andre delen av 1800-talet budde det tre bønder her mot to tidlegare. Dermed fekk dei det romslegare etter kvart.
I 1875 sette Jødestad-bøndene godt og vel 4 tønner poteter kvar. Her i bygda var det bare Maudlandsmannen som sette meir poteter enn dei.
Bildetekst:
På Finnavodl ca 1926. Me ser byfolk som leigde seg inn her om sommaren. Det er brannkonstabel Stensland, sonen Johan Ingemann, kona Ingeborg og Johanna Helgeland.
Husdyrhaldet
På Jødestad var det for det meste to oppsittarar på 1600- og 1700-talet. Dei hadde til vanleg ein besetning på 1 hest, 5-6 kyr og 15 sauer kvar.
På 1800-talet blei det fleire bønder på garden, og dermed blei her meir husdyr òg. Frå 1808 til 1875 blei talet på husdyr dobla, og kvar bonde hadde i 1875 1-2 hestar
og mellom 6-8 kyr. Sauetalet steig sterkt i den andre halvparten av hundreåret. I 1865 hadde kvar bonde 20 sauer, i 1875 omlag 40.
Attåtnæringar
Som på dei andre gardane i bygda var åkerbruk, husdyrhald og fiske det dei levde av på Jødestad også. Her blir nemnt båt og naust i eit skifte så tidleg som i 1689. Naustet stod ved Riskastranden, det kan me lesa i ei pantebok frå 1796. Båten blir i 1738 omtalt som ein liten båt, i 1795 hadde dei færing. Av redskapen dei fiska med, høyrer me om sildegarn, morteglip og snøre. I 1783 blir det nemnt halvedelen i ei lita kastenot, den eigde dei i hop med slektningar på Riska. I tillegg til heimefiske var dei også med på fiske lenger vekke, truleg sildefiske ved Karmøynå. I 1819 eigde nemleg den eine bonden på Jødestad ein fjerdepart i ein stor båt, pluss ein fjerdepart i naustet som høyrde til, som "staar nede paa Garden Hommersands Grund". Dette må å ha vore eit stort fartøy som kravde skikkeleg hamneforhold, truleg ein tenæring. Dei andre partane i dette fartøyet var det ein på Skjørestad og to på Søra Hogstad som eigde. Tenæringen blei brukt som fraktebåt til fiskeværa. Ellers hadde dei på Jødestad vårsildgarn og vågevekter i 1819.
Eigarane i leiglendingstida
I den katolske tida var Jødestad bispegods som så mange andre av gardane i bygda. Det er ei liste i lensrekneskapen for 1567 som viser oss dette. For sjølv om kongen hadde fått hånd om det geistlege jordegodset etter Reformasjonen, så blei dei ymse jordegodsgruppene haldne frå einannan i jordebøkene etterpå.
Kongen selde i 1661 fleire gardar til den danske stormannsslekta de Gjedde. Jødestad var derfor i deira eige i 1668. Men i 1671 tok krona over dei fleste av desse gardane igjen, mot vederlag i ein del gods i Akershus amt. (Frå Sigurd Refheim, Gard og ætt i Madla, s 15).
Den danske adelsmannen Erik Krag kjøpte sidan mykje jordegods av kongen. I 1675 eigde arvingane hans garden på Jødestad. Enkja, fru Vibeke Rosenkvist, selde i 1682 garden til assessor Hans Hanssøn, lenskommissær søndenfjells. Seinare eigde lagmannen i Stavanger, Nils Christensen, garden. Han døydde i 1708, og etterpå var det sonen, klokkaren Søfren Nilsen Sandborg, som var eigar. Dottera hans, Hulleborg, var gift med Isach Pedersen Krass, ein bakar i Stavanger. Arvingane deira selde i 1775 garden til dei to oppsittarane.
Oppstykking av garden
Dei fyrste hundre åra etter at garden var rydda (frå midt på 1500-talet til om lag 1670) var det så godt som heile tida bare éin mann på garden. Tidleg på 1600-talet var her rett nok to brukarar (Sevat og Erik, ca 1608 - ca 1612), men det blei bare ein kort overgangsperiode. Omlag 1670 blei garden delt likt mellom to oppsittarar, og dei neste hundre åra budde det mest heile tida to mann som brukte halve garden kvar, det vil seia 1/2 pund korn på kvar.
I andre halvdel av 1700-talet blei Jødestadgarden på nytt samla. Fyrste gongen i 1748, då den eine oppsittaren var gammal og avfeldig og derfor let naboen få over ta sin part. Nå blei det i lengden mykje for ein mann å dyrka og svara skatt av garden åleme. Så då han blei eldre, let han i 1761 stesonen få overta halve garden. Då den gamle fall ifrå i 1776, tok stesonen over også hans part. Og nå brukte ein mann heile garden åleme igjen fram til 1797. I året 1797 delte to svograr garden likt mellom seg med 1/2 pund korn eller 12 spann på kvar. Dette var ei varig deling av garden. Dei to halvdelane blir kalt for Pergarden og Olagarden etter oppsittarane i andre halvdel av 1800-talet. Pergarden blei delt mellom to brør eit halvt hundre år seinare, i 1857. Den eldste broren fekk 2/3 og den yngste 1/3 av faren sin tidlegare part. Den eldste broren fortsette med å bu i det gamle gardstunet. Den yngste broren flytte noko lenger mot vest og bygde husa sine på ei kjelve der det voks finnagras. Bruket hans fekk namnet Finnavodl. Den andre halvdelen av Jødestad, Olagarden, blei brukt av ein oppsittar gjennom 1800-talet. Dette var såleis det største bruket etter at Pergarden var blitt delt. I 1895 delte to brør Olagarden likt mellom seg. Den yngre broren tok over dei gamle gårdshusa, mens den eldste flytte noko mot nordaust og sette seg opp hus nede i bakken mot Frøyland. Huset han sette opp hadde han henta frå Botne. Denne halvdelen av Olagarden har i matrikkelen namnet "Nordbø". Då brukaren på "Nordbø" seinare skulle byggja ny løe, selde han utmarka si til ein bureisar i 1922.
Bureisaren på Heia bygde seg hus oppunder Jødestadfjellet. Seinare blei husa flytta nærmare Jødestad.
FOLKETAL - hente inn tabeller fra side 344 i boka!
FOLKET
DEI ELDSTE BRUKARANE
1. Gunnar
Han budde på Jødestad i 1563.
2. Anders Persen
Kanskje son til Per som var "thienestte dreng" på Riska i 1563 (Riska-125). Anders er nemnt fyrste gong i ei liste over korntiende i 1602. Nå betalte han tredjeårstake i 1603, så han må altså ha budd her ei stund allerede då, men skattelistene går dessverre ikkje lenger tilbake. Han tok inn ein medbrukar på garden ca 1607, og i 1608/09 slutta han heilt av med gardsdrifta. Det kan derfor sjå ut som han var ein eldre mann då.
I 1590-åra var det ein nabokrangel nede på Riska. Då dei i 1596 skulle avgjera kor skillet gjekk mellom åkerteigane, blei det henta to av dei "neste naboe och grander, som der samme stedtz waare fødde och opfostrede". Den eine av desse kan ha vore Anders Jødestad.
Barn:
- dotter (ho kan ha heitt Anna), gift med Erik Monsen, bonde på Jødestad etterpå (nr 4)
- kanskje ein son: Per Jødestad, nemnt 1628/29 (nr 47)
3. Sevat Johansen
Han fekk ein part av garden ca 1607 og budde her fram til 1611/12. Sevat var knekt i 1611 så han må ha vore ein forholdsvis ung mann.
4. Erik Monsen
Erik Monsen f.ca 1585, død 1666. Han var truleg frå Sola, Madla eller Hetland sidan han hadde så mykje samband med folk der. Erik er kommen til gards 1608/09. Fyrst brukte han den parten som Anders Persen hadde sete med dei siste åra, men frå 1611/12 hadde han heile garden aleine. Her budde han fram til 1631/32, då gifta han seg med ei enkja på Dale og flytta der til (sml ale- I tingbøkene og under sakefall i lensrekneskapen, finn me mykje om Erik Jødestad. Han slo til ein nabo, på tinget på Jåttå begynte han å slåss med Hallvard Assersen på Tjora, i eit bryllup på Madla slo han til Botolv Tasta, og ei jente på Madla blei skjelt ut av han. Han hadde og mykje ugreie med dei på Hinna. Ein bror av han, Tollak Monsen, var dreng på Ådnøynå. Han stakk av etter at han hadde sett barn på dottera på garden. Tollak kom så til Erik og hjelpte han i slåtten, før han for til Suldal. Etterpå måtte Erik stå til rette for at han tok broren i sitt brød, sjølv om han visste at han var i tjeneste på Ådnøy. (Sjå Stavanger lensrekneskap 6.5, Tingbøker frå Ryfylke bd.l,s 116-117, og Stavanger Domkap. Protokol s343).
Gift med 1) ca 1608/09 Namnet hennar veit me ikkje, men ho kan ha heitt Anna sidan begge døtrene kaller ei dotter med det namnet. Då me finn namnet Anders blant etterkommarane, var ho truleg sjølv dotter til Anders Persen (nr 2).
2)ca 1620 enkja etter Omund Myklabost i Høyland. Omund eigde jordegods i Haga i Høyland 1617, og i 1623 var det Erik Jødestad si stedotter som hadde dette.[1]
Erik var gift to gonger til, men det blir omtalt på Dale.
Barn, i fyrste ekteskap:
- Ingrid
- Kari
5. Peder Ravn
Han var lagmann i Stavanger. Då garden på Jødestad blei ledig, leigde Peder han. Han betalte landskyld av Jødestad i 1633/34. Men lenge kan han ikkje ha hatt garden, for den 12/1-1634 blei han lagmann i Bergen. (Sjå Marius Skadsem, Lagmenn i Rogaland, 5.24-26.)
6. Mikal Ivarsen[2]
Mikal Ivarsen død 1647/48. Son til Ivar Lura i Høyland. Mikal brukte fyrst ein part av garden på Lura (sjå Høyland g.o.æ.5.272, nr.6). Men i 1634/35 overlot han dette til Godske Pedersen, og Godske skaffa han til gjengjeld garden på Jødestad. Her budde Mikal til han døyde. G.m. Marit Trulsdtr., født ca 1610, død 1689. Etter at Mikal var død blei ho sittande med garden. Ho gifta seg igjen to gonger, fyrst med Ivar Persen (nr 7), så med Ola Olsen (nr 1 1).
Barn:
- Truls, f. ca 1636, bonde på Bjelland (Bjelland- 16), gift med Guri enkja etter Per Sveinungsen Bjelland.
- Elias, f.ca 1636, bonde på Jødestad (nr 8)
- Ola, var utanlands i 1689.
7. Ivar Persen
født 1624/32, død 1666. Son til Per Ånensen Frøyland (Frøyland-6). Ivar gifta seg med enkja etter Mikal Ivarsen (nr 6) og leigde garden frå 1648/49.
Gift med ca 1648 enkja Marit Trulsdtr. født ca 1610, død 1689. Ho gifta seg tredje gong med Ola Olsen (nr 11). Ivar og Marit hadde ikkje barn.
A Den eine halvparten av garden
8. Elias Mikalsen
født ca 1636, død etter 1714. Son til Mikal Ivarsen Jødestd (nr 6). Han tok over heile garden då stefaren døydde i 1666. Men mora gifta seg omigjen ca 1670, og Elias og den nye stefaren brukte etter det halve garden kvar. Son til Elias tok over denne parten ein gong mellom 1714 og 1718.
Gift med. Anna Rasmusdtr., født ca 1650, død 1710, dotter til Rasmus Torkellsen Lauvås (Lauvås-6)
Barn:
- Marit, født 1680, nemnt 1710
- Elias, født 1682, var utanlands i 1710.
- Marit (d.y.), født 1684, nemnt 1710, i 1711 var bare den eine dottera heime
- eit barn, f. 1685, død 1696
- Ola, født 1690, tok over farsgarden (nr 9).
9. Ola Eliasen
født 1690, død 1760. Son til Elias Mikalsen Jødestad (nr 8). Ola tok over faren sin part av garden ein gong mellom 1714 og 1718. Her budde han ennå i 1725, men i 1730 var det ein ny mann på denne parten. Etterpå brukte Ola halve Haualand ei tid (Haualand-23), og til slutt var han husmann i Ramsvik under Hetland prestegard.
Gift med 1) 1713 Dorte Olsdtr. født 1689, død 1744, dotter til Ola Andersen Skjørestad (Skjørestad-8).
2) 1746 Kirsti Ådnesdtr.,født 1710, dotter til Ådne Ellingsen Vikesdal i Bjerkreim (sml Frøyland -23).
Ola Eliasen hadde ikkje barn i fyrste ekteskap.
10. Per Persen (I)
født 1704, død 1737. Son til Per Persen Haukali i Forsand (sjå Forsandboka bd 11, s 189-490).
Vår Per budde fyrst i Haukaliå, der den eldste sonen er fødd (sjå Forsandboka bd 11, s 491). Så kom han til Jødestad der han overtok den parten som Ola Eliasen hadde hatt. Her blir han nemnt fyrste gong i 1730. Ved skifte etter Per får me vita at han hadde huspostill. Det blir og nemnt kiste, børse og kopparkjel.
Gift med 1725 Kirsti Persdtr., født ca 1698, død 1783, dotter til Per Høle. Ho blei etterpå gift med Torstein Persen, som hadde garden seinare (nr 14).
Barn:
- Anders, født 1725, husmann i Hanabakkjen, Høyland, gift . 1763 Berta Gunnarsdtr. (sjå Høyland g.0.æ., s 172, nr 20)
- Per, født 1730, bonde på Jødestad (nr 15)
- Kirsti, født 1732, gift med 1769 enkjemann Lars Kristoffersen Riska (Riska-34)
- Anna, født 1734, død føre 1776. Ho fekk i 1752 eit uekte barn med Torger Tungland, Strand.
- Ragnhild, født 1737 (ikkje nemnt i 1738 ved skiftet etter faren).
B Den andre halvparten av garden
11. Ola Olsen
født 1640, død 1700. Son til Ola Asbjørnsen Skjørestad (Skjørestad-4). Ola var i 1664 ennå på Skjørestad. Ca 1670 blei han gift med enkja Marit Trulsdtr. og fekk halve garden på Jødestad med henne. Her budde han til han døydde.
Gift med
1) ca 1670 enkja Marit Trulsdtr., født ca 1610, død 1689. Ho hadde før vore gift med Mikal Ivarsen og Ivar Persen som begge hadde hatt garden her på Jødestad (nr 6 og 7).
2) 1689 Karen Svensdtr. Ho levde i 1700. Ola hadde ikkje barn.
12. Lars Njellsen
født 1670. Son til Njell Larsen Helland i Gjestal.[3] Lars var soldat i 1699. I 1700 fekk han bygsla den parten i garden som Ola Olsen hadde hatt. Lars budde her til 1718. Me veit ikkje kor dei blei av etterpå, men i 1723 var det ein husmann under Ims som heitte Lars Nilsen og i 1728 haldt ein Lars Nilsen til på Søra Hogstad. Det kan ha vore same mannen (Hogstad- 166).
Gift med 1699 Ragnhild Gunnarsdtr., dotter til Gunnar Bjørnsen Riska (Riska-41).
Barn:
- Gunnar, født 1699
- Njell, født 1701
- Malena, født 1703
- Elling, født 1705, han var gift i 1734 og 1735 og budde då som husmann i Gand skipreide (ifylgje militære rullar)
- Lars, født 1707, han var soldat i 1734 og hadde då tilnamnet Hove. Då han døydde i 1783 ("90 år gammal") hadde han namnet Jødestad.
- Ola, født 1710, død 1710
- dotter, født 1712 (det er ikkje råd å tyda namnet hennar i kjyrkeboka)
- Malena, født 1715, då ho døydde i 1776 (ca 80 år gammal) hadde ho tilnamnet Jødestad 347
- Sjur, født 1718.
I 1711 var det tre barn heime.
13. Erik Salmundsen
født 1681, død 1748. Son til Salmund Øvre Oltedal i Gjestal og den andre kona hans (sml Gjestal g.o.æ. s 185, nr 15, og skifte 5/9-1746 etter den ugifte Gunhild Salmundsdtr. Nedre Oltedal). Erik var dreng på Haualand i 1701. 1 1718 fekk han overta den parten av Jødestadgarden som ein annan Gjestalbu, Lars Njellsen, hadde brukt før. Etter at Erik blei enkjemann for andre gong, heiter det om han at han "er gammel og avfeldig". Han slutta då av med gardsdrifta, og oppsittaren på den andre parten brukte etter det heile garden åleme.
Git med 1) 1713 Steinvor Torjusdtr. frå Randaberg, død 1735 (enkja etter Knut Eilevsen ?)
2) 1736 Dorte Larsdtr., født 1714, død 1748, dotter til Lars Torsen Uskjo (Uskjo-39).[4]
Barn, i andre ekteskap:
- Erik, født 1737, død føre 1748
- Herborg, født 1738, gift med 1768 Jakob Ånensen Øvre Tasta i Hetland
- Lars, født 1741, død føre 1748
Heile garden
14. Torstein Persen
født 1712, død 1776. Son til Per Torsteinsen Øvre Håland i Høyland.[5] Torstein gifta seg ca 1738 med enkja etter Per Persen (I) Jødestad og fekk hans part av garden med henne. I 1748 overtok han og den andre parten i garden etter den gamle og avfeldige Erik Salmundsen. Fram til 1761 brukte Torstein all jorda åleme, men då overlot han halvdelen til stesonen Per. Sin halvdel brukte Torstein så lenge han levde. I 1775 fekk Torstein kjøpa desse 12 spann korn av Jødestadgarden. Ved skiftet etter han i 1776 får me vita at det var 9 dalar i rede penger i buet, og så var det 20 dalar i uteståande gjeld. Ellers hadde han eit sylvbeslått horn og ein brystduk med sylvknappar.
Gift med enkja Kirsti Persdtr., født ca 1698, død 1783, dotter til Per Høle. Ho hadde før vore gift med Per Persen (I) Jødestad (nr 10).
Barn:
- Per, født 1743, død føre 1776
15. Per Persen (II)
født 1730, død 1783. Son til Per Persen (I) Jødestad (nr 10). Han var ute i kongens tjeneste i åtte år og fekk så bygsla halve garden i 1761. I 1775 fekk han og skjøte på desse 12 spann korn i garden. Då stefaren døydde i 1776 tok han i tillegg over hans part, og etterpå brukte Per heile garden åleme. Denne andre halvparten blei han og eigar av etter at han hadde løyst ut syskena sine og bror til stefaren. I skiftet etter Per nemnest det Brochmanns huspostill, sylvskål og tre sylvskeier. Då enkja begjærte skifte i 1795 var det fem sylvskeier i buet.
Gift med 1763 Ragnhild Kristoffersdtr., født 1741, død 1819, dotter til Kristoffer Ivarsen Eltarvåg (Eltarvåg-10).
Barn:
- Per, født 1764, bonde på Jødestad (nr 16 og 17)
- Kristoffer, født 1766, død 1766
- Kirsti, født 1767, gift med 1797 Kornelius Olsen. Han fekk halve garden på Jødestad (nr 31)
- Kristoffer, født 1770, død 1770
- Gjøa, født 1771, død 1795, ikkje gift
- Ragnhild, født 1775, gift med 1806 Gunnar Gunnarsen Litlaland i Sola
- Ingeborg, født 1778, gift med 1814 enkjemann Johan Henrich Reime, høker i Stavanger[6]
- Kristina, født 1783, gift med 1805 Hallvard Eriksen Berg, matros[7]
16. Per Persen (III)
født 1764, død 1825. Son til Per Persen (II) Jødestad (nr 15). Han fekk skjøte på garden då faren døydde i 1783, og til å begynna med brukte han alt åleme. Men i 1797 delte han og svogeren Kornelius garden likt mellom seg, og seinare har garden ikkje vore samla igjen (sjå vidare nr 17).
Gift med 1794 Berta Ingebretsdtr., født 1770. Ho var fra Nora Sunde i Madla.
Fotnoter
Litteratur og kjelder
Fyrsteutkastet til artikkelen bygger på:
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.