Jakob Naadlands veg (Seljord)
Jakob Naadlands veg i Seljord kommune går vestover frå Gullnesvegen og ender ved nr. 75. Han er 1 785 meter lang.
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Jakob_Naadlands_veg-1.jpg&width=400)
Jakob Naadlands veg sett vestover frå Gullnesvegen.
Foto: Roy Olsen (2018).
Vegen og har namn etter skulemannen Jakob Naadland (1870–1957) og vart namnsett i 1977.
Til vegen ligg Heddeli bu- og servicesenter, Heddelitunet, Sykehuset Telemark – DPS Poliklinikk Seljord og Seljord folkehøgskule (tidlegare Telemark folkehøgskule) med seks internat.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no