John Savio
John Savio (1902–1938) var ein samisk kunstnar som først og fremst er kjent for tresnitta sine med tematikk frå samisk kultur og levevis.
John Andreas Savio vart fødd den 28. januar 1902 i Bugøyfjord som son av Else Strimp og Per Savio. Foreldra dødde da han var eit par år gammal, og han vart oppfostra av besteforeldra sine.
Han var den første samen som tok utdannelse innen billedkunst på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Kristiania. Han var elev hos Axel Revold i 1921/22 og 1924/25. Han fikk sin første separatutstilling i 1937 i Paris, og fikk positiv omtale i tidsskriftet L'Illustration.
Savio dødde av tuberkulose på Ullevål sjukehus i Oslo laurdag den 9. april 1938. Han er gravlagd på Vestre gravlund samme sted.
Bildegalleri
Kilder og litteratur
- John Savio i Historisk befolkningsregister
- John Andreas Savio i Store norske leksikon.