Jondal kommune - Frå øksehogg til tastetrykk
Jondal kommune - Frå øksehogg til tastetrykk er band 3 av bygdeboka til Jondal kommune i Hardanger, og kom ut i 2006. Boka, som er ei allmenn bygdesoge på 608 sider, er kronologisk oppbygd, og handler om utviklinga i Jondal frå steinalderen til 2000-talet. Bakerst i boka er det eit oversyn over ordførarar, lensmenn, dokterar og prestar i bygda.
Forfattar er historikaren Gaute Losnegård (1970-) frå Askvoll. Han har òg skrive gards- og ættesoga for Jondal (band 1 og 2 av bygdeboka).
Frå øksehogg til tastetrykk vart i 2009 meld i Heimen (nr. 46) av Svein Henrik Pedersen.
Kjelder og litteratur
- Forfattarar frå Sogn og Fjordane: Gaute Losnegård
- Heimen, nr. 46/2009, s. 175.