Jondal skule
Jondal skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Jondal kommune i Hardanger. Jondal skule ligg i kommunesenteret Jondal, i nærleiken av Jondal barnehage og Jondal kulturskule.
Elevtalet har i 2010-åra lege rundt 120. Skuleåret 2018/2019 er det 124 elevar på Jondal skule. Sarah Marie Røstbø er rektor for både skulen og vaksenopplæringa i Jondal.
Jondal er den einaste grunnskulen i kommunen. Torsnes skule vart lagt ned i 1983, og i 2000-åra opphøyrde skuledrifta på Herand (2004) og Kysnes (2006).
Kjelder og litteratur
- Heimeside
- Opplysningar frå Jondal kommune, e-post 28. september 2018.
- Skoleporten
Vidare lesing
- Skulen i Jondal gjennom 250 år, Jondal kulturkontor 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket