Kvænangen kommune
Kvænangen kommune, nordsamisk Návuona suohkan og kvensk Naavuonon komuuni, er ein kommune i Nord-Troms i Troms fylke. Kvænangens herred blei utskilt frå Skjervøe herred i 1863. Kommunegrensene blei endra i 1965, da Meiland vart overført frå Skjervøy til Kvænangen; og i 1972, da Mannskarvik blei overført frå Skjervøy til Kvænangen. Kvænangen kommune grensar mot Nordreisa kommune i sørvest, Skjervøy kommune i vest, Loppa kommune i nord, Alta kommune i aust og Kautokeino kommune i søraust. Næringslivet i Kvænangen er dominert av naturbruk og tenesteytande næring.
Kvænangen kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 5429 |
Fylke | Troms |
Kommunesenter | Burfjord |
Areal | 2109.37 km² |
Areal land | 2109.37 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | 1 118 (2023) |
Grunnlagt | 1863 |
Sammenslåing(er) | 1965: Meiland blei overført frå Skjervøy. 1972: Mannskarvik blei overført frå Skjervøy |
Målform | nøytral |
Nettside | Nettside |
Topografi
Fjorden Kvænangen (nordsamisk Návuotna) går frå Lopphavet og sør-søraust mot Kvænangsbotn. Det norske namnet kjem av folkenamnet kvæn og etterleddet -anger, som tyder 'fjord'. Det samiske namnet Návuotna er samansett av etterleddet -vuotna og forleddet Ná-, som trulig er forkorta av Návet- ('fjøs-'). Návet (òg skrive Navit på norsk) er ein gard på vestsida av Navitfjorden, som ligg mellom Storstraumen og Lillestraumen. Ved Návet ligg utløpet av Návetjohka (Navitelva), ei elv som renn gjennom heile den skogkledde Návetvuopmi (Navitdalen).
Folk og språk
Næring
Media
Kjente kvænangværingar
- Anders Larsen - sjøsamisk lærar, arbeiderpartipolitiker, grunnleggar/redaktør av den samiske avisa Sagai Muittalægje, kulturarbeidar, som er særlig kjent for å ha kjempa mot norskdoms-skoledirektør Bernt Thomassen.
- Odd Rikard Olsen - høyrepolitikar i Finnmark fylkesting og «Tiltakspakkens far». Som statssekretær i Næringsdepartementet fikk han gjennomslag for pakken.
Kjelder og litteratur
|