Kvam soge- og kulturminnelag
Kvam soge- og kulturminnelag (tidlegare: Kvam sogelag) er eit sogelag i Kvam herad i Hardanger. Laget er medlem av Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie. Sidan 2006 har sogelaget gjeve ut årboka Gamalt frå Kvam, eit framhald av årboka Bygdejol, som hadde kome ut kvart år sidan 1945. Hardangerforlaget er eigd av Kvam soge- og kulturminnelag.
I 2019 hadde laget 536 medlemmer. Talet er ganske stabilt.
Leiarar
- Øyvind Neteland ?-2013
- Anne Liv Soldal 2013-
Publikasjonar
Laget gir ut årbok, medlemsblad, kulturminnekalendar, bok om stølar og slektsbøker mellom anna i samarbeid med Hardangerforlaget.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
Eksterne lenkjer
- Kvam soge- og kulturminnelag på Facebook
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Kvam soge- og kulturminnelag på Digitalt museum.
- Kvam soge- og kulturminnelag på KulturNav