Lårdal

Lårdal er ei bygd i Tokke kommune i Telemark. Ho ligg på nordsida av Bandak, og var frå 1838 til 1964 sentrum for Lårdal kommune. Det bur omkring 240 personar i Lårdal (2011).

Trisæ i Lårdal, med Lårdal brygge.
Foto: Marthinius Skøien (omkr. 1880–1910).
Lårdal sett frå Bandaksli.
Foto: Siri Johannessen (2016).

Ved Lårdal brygge legg kanalbåtane på Bandak–Norsjøkanalen til i sommarhalvåret.

Stadnamnet kjem frå Lårdalen, av norrønt Lagardalr, første ledd lǫgr, 'vann'.

Kjelder

Koordinater: 59.42418° N 8.18614° Ø