Landnot

Landnot er ei not som er konstruert og berekna brukt frå båt på den måten at du startar setjing frå land, set inne fisken i ein halv sirkel og tek til land med siste ende og. Så dreg du fram nota frå ein eller begge endar. Når nota er dregen så nær land at ein har "botn i nota" og korken flyt kan ein seie at fisken er berga. Landnøtene er ofte tilpassa lokale behov og kan ha mange størrelsar. Døme:

Årset notlag. Storenota går.
MB Litleveiren set landnota.

Not 20 til 40 famner lengde, ofte kalla «Fantenot». Ei not som passa i færingen. Rask å setje, rask å drage, rask å få i hus att om lakseoppsynet skulle dukke opp.

Not på rundt 70 famner lengde. I notlag med fleire nøter oftast kalla «Lissjenota». Brukt anten frå store færingar med notflake i eller frå gavlbåtar med rull bak for lettare setjing og framtrekk.

Not på 90 til 180 famner lengde. I notlag med fleire nøter ofte kalla «Storenota». Så lenge det var hamp eller bomullsnot var dette tunge greier å handtere og det måtte 10 personar eller meir til ved bruk. Tidleg båtkonstruksjon, spjakespel i «Notbåten» og «Spelbåten», seinare hansveiva spel i begge båtane. Så kom handdriva «sute» på eine sida av «notbåten», utover frå 1930 ser ein denne får motordrift. Frå 1970 kom det små «kraftblokker» som saman med nylonnøter gjer handtering av store landnøter handterbare for ein person.

For å berge fisk i ei "landnot" er du ikkje alltid avhengig av å nå i land på anna vis enn at du får "botn i nota". Botn i nota kan du få på ei flud, ein skalle eller eit stykke frå land på langgrunne plassar der nota når i botn og endane når saman så fisken er innestengd. Det har og vore teke store sildekast midtfjords. Med forsiktig sleping på begge endar og "skimling" har ein fått fisken sett i "lås"/steng.

I begge endar av landnota var det vanleg med lange tau, kalla "drått". Denne er vanleg brukt for å kunne nå fisk lenger frå land enn notlengda i seg sjølv tilseier. Frå rundt 1970 vart det vanleg med ein "dregg"/lite anker i enden ein set fyrst (ein løyser/hivar ut dreggen og får nota til "å gå") og brukar "drått" i siste ende ved behov.

For å bruke landnot i eit område måtte brukarane ha god oversikt over tilhøva langs fjøra, det var lett å rive not. Sjå: Oversikt over notaset / notakast i området.

Notlaga utvida ofte drifta for å få betre lønsemd med snurpenot.

Kjelder og informantar:

  • Austefjord Museum
  • Hefte utgitt av Austefjord Museun. Notfiske i Austefjorden
  • Magnar Høydal
  • Aarset, Hans f. 1936 som har vore med i notlaget og har gått gjenom rekneskap og notat
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951


  Landnot er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.