Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2016-40
Hovlandshuset i Odda har adressa Eitrheimsvegen 20. Dette er eit typisk hus for sveitserstilen i Odda sentrum. Det har listverk og pynt i kontrastfargar, og det merker seg ekstra godt ut med knekt hjørne og møne, - nesten som eit tårn, på det mest framtredande hjørnet. I dag (2022) finn vi Bjørg Frisørsalong bak hoveddøra her.
Eitrheimsvegen 20 er bygd i 1909 av ein privatperson og forretningsdrivande i Odda, Martin Hovland. Hovland og kona Barbro dreiv garveri. Eigedomen har gardsnr. 62, bruksnr. 3 i Ullensvang kommune. Alle hus som har gardsnr. 62, ligg på mark som har tilhøyrt garden Bakke.Les mer...