Lote skule
Lote skule i Lote krins låg opphavleg i Gloppen kommune, i 1964 vart grenda flytta til Eid kommune. Huset stod nytt i 1883 og var nytta som skulehus fram til 1970.
Det var diskusjonar om kor skulehuset skulle ligge. Alternativa var Skjæret, der ferjekaia ligg i dag, og Kleiva, nesten opp til Lotsberg.
Skulehuset
Det var grenda som stod for bygginga av skulehuset. Tømmeret vart hoggen i eigen skog og ført over fjorden til saging på Hestenesøyra.
Anna bruksområde
Huset fungerer i dag som grendahus for grendene Lote og Lotsberg. Dei har fått kjøkken og sanitæranlegg i tillegg til ein festsal.
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Aud Hjelle (2015) Skulane våre før og no - ei bok om grunnskulen i Eid