Møre Fisker- og Småbrukerparti
Møre Fisker- og Småbrukerparti stilte til val i Møre og Romsdal i stortingsvalet 1933 og stortingsvalet 1936. Partiet fekk ingen mandat.
I 1933 hadde partiet listeforbund med Bondepartiet, med Peder Pedersen, ordfører på Grip, som førstekandidat. Lista fikk 3,7 % av røystene i fylket, tilsvarande 0,2 % på landsbasis.
I 1936 vart det listeforbund med Venstre. Denne gongen fekk partiet 2,0 % av røystene i Møre og Romsdal, og berre 0,1 % på landsbasis.
Det neste stortingsvalet kom fyrst i 1945, og Møre Fisker- og Småbrukerparti stilte ikkje opp i det.