Magnus Øvergaard
Magnus Øvergaard (fødd 1853 i Eidsvoll, død 1907 i Vågå) var lege. Foreldra var Ole Øvergaard (f. 1825, d. 1902) og Andrea Pauline Flisaker (f. 1828, d. 1867). Faren kjøpte gard i Stange, så Magnus voks opp der.
Han vart cand.med. i 1877 og var kommunelege i Vågå frå 1879 til han døydde. Han vart gravlagd på familiegravstaden på Stange kyrkjegard, og vener i Vågå, Sel og Heidal reiste ein bautastein på grava hans i juni 1913. Bautasteinen er eit vitnemål om at han var avhalden og godt likt i Vågå.
Kjelder og litteratur
- Kobro, Isak: Norges læger 1800–1908 bind II (1915). Digital versjon på Nettbiblioteket
- Tidens Tegn 27. juni 1913.
- Veflingstad, M. Stange bygdebok bind I (1951).
|