Mandius Berntsen
Mandius Berntsen (fødd 1864 i Stavanger, død 1940) var skulemann. Foreldra var fargar Ole Berntsen (f. 1824, d. 1869) og Signe Marie Folkvor. Han vart gift i 1894 med Signe Brun (f. 1867 i Aurland, d. 1929).
Han vart cand.philol. i 1889 og var lærer fleire stader før han i 1918 kom attende til Stavanger, frå 1923 rektor ved den høgre skulen der. Saman med Amund B. Larsen gav han i 1925 ut Stavanger bymål (2. utg. 1978). I 1939 kom Stedsnavn i Stavanger by og nærmeste omegn.
Kjelder og litteratur
- Hvem er hvem. Oslo 1930.
- Mandius Berntsen i Historisk befolkningsregister.
|