Meløy prestegjeld
Meløy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkja.

Glomfjord kyrkje er ei av kyrkjene i det som var Meløy prestegjeld. Foto frå 1960.
Meløy var i 1589 eit sokn i Rødøy prestegjeld. Meløy prestegjeld vart oppretta då Meløy sokn vart utskild frå Rødøy i 1903.
I 1909 vart Fore bedehus vigsla som kapell for Nordbygda. Glomfjord kyrkje vart bygga i 1957 og Halsa kyrkje i 1960.
Då prestegjelda vart avskaffa i 2004 hadde prestegjeldet same utstrekning som Meløy kommune.
Kjelder
Artikkelen Meløy prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |