Mord i Sogn

Mord i Sogn er ein fjernsynsserie basert på Jørgen Jæger sine bøker om lensmann Ole Vik. Første sesong vart sendt som påskekrimTV2 i 2026, og er basert på bøkene Skyggejakten og Blodskrift, første og fjerde bok i serien. Arbeidet med ein andre sesong var allereie starta då første sesong vart lansert.

I bøkene er handlinga lagt til den fiktive staden Fjellberghavn i Sogn, der Ole Vik er lensmann. I serien har ikkje staden dette namnet, men omtalast berre som Sogn. Innspillinga var dels på Lærdalsøyri og andre stader i Lærdal kommune, og i Balestrand der ein mellom anna får sjå Kviknes Hotel. Nokre scener er spela inn på Losby Gods i Lørenskog, og ein del innandørs scener vart spela inn i studio i Asker.

Kristofer Hivju har hovudrolla som Ole Vik, medan Eili Harboe har rolla som Cecilie Hopen. Sistnemnde er i bøkene ferdig utdanna politibetjent, men i serien er ho etterforskar hjå Kripos og gjer seg ut for å vere politistudent.

Kjelder og litteratur